Dette er Blair Upper Cervical Chiropractic Technique

Blair Chiropractic Technique er eit høgt spesialisert system av lokalisering, analysering og justering av øvre nakke for å oppheve trykket mot hjernestamme og ryggmarg.

Målet med Blair Chiropractic er ikkje å diagnostisere, behandle sjukdomar eller tilstandar, men å analysere og korrigere segmentelle dysfunksjonar på ein spesifikk og konkret måte. Dette for at kroppens ibuande intelligens skal reparere og halde kroppen ved god helse. Dette skjer utan vriding, ‘knekking’ eller bruk av kraft.

Dei to øvste virvlane i ryggsøyla C1 og C2, også kalla Atlas og Axis, omkransar hjernestammen. Dette området er òg det svakaste i ryggrada. Når desse virvlane endrar posisjon og blir ståande fast, vil dette påvirke vitale signal til og frå hjernen til alle delar av kroppen, gje helseproblem og smerter i kroppen. Denne feilstillinga kan vare i månadar eller år før symptom kan merkast.

William George Blair 1922 – 1985, frå Oklahoma.
Uteksaminert frå Palmer College of Chiropractic i 1949.
Starta praksis 24. des. 1949 i Lubbock, Texas.

Dr. Blair’s livslange studie for å gjere chiropractic meir effektivt, førte til at det som vart sett på som ein regel, at ein kropp skal vere symmetrisk og i loddlinje slett ikkje er rett, tvert i mot. Han oppdaga at asymmetri er regelen, og utvikla nye røntgenprosedyrar som tillot ein meir komplett og nøyaktig analyse av øvre nakke. Ut frå informasjonen av bilda kunne han skreddarsy korrigeringar til kvart individ, då dette syner leddrørsle og leddvinklane til personen, og derav retning for korrigeringa.

Skånsomt – Presist – Effektivt

Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle