Oversikt over behandlingsmetodar

Toggle Recoil

Blair Upper Cervical Chiropractic Technique er et høgt spesialisert system av lokalisering, analysering og justering av øvre nakke for å oppheve trykket mot hjernestammen.

HIO (Hole in one) 

Spesifikk korrigering i øvre nakke som vert gjort med ein hurtig impuls (Toggle Recoil). Dette skjer på første eller andre nakkevirvel.

PEC / Paulens OAA-metode

Særs effektiv teknikk som aktiverar kroppen sine eigne sjølvhelbredande krefter. Det inkluderar hurtige andedrag for å auke rørsla, og funksjonen i det aktuelle leddet. Høver for alle. Godt behandlingsalternativ for beinskjøre, pasienter med prolapsar, og pasientar med høg alder. Desse to teknikkane er tildels like og inneber ingen «knekk», men skil seg i framgongsmåte.

Manipulasjon 

Nyttast for å normalisere rørsle og funksjon i ulike ledd.

Mobilisering

Dette er spesifikk og leddnær tøying. Vert brukt som alternativ til manipulasjon.

Artikulering 

Nyttast for å auke rørsla i ledd. Primært ekstremitetsledd.

Lock-Foot

Lock-Foot syndrom er låsning i mellomfotsbeina. Kan og foreligge i/mot hælbeinet. Desse låsningane kan skape skeivstilling og ubalanse i heile kroppen. Noko av det som LF kan være årsak til, eller å være med på å forsterke, er redusert fråspark, smerter/stramheit i fotblad, ustabile anklar, leggkramper. Diffuse kneproblem, vondt i lyske, vondt punkt i lendrygg. Magevondt. Skulder, nakke, hovudproblem. Kjeve/bite problem. Bekkenrotasjon. Dette kan komme og gå i periodar.

Korrigering av LF er skadeforebyggande, balanseforbetrande og koordinasjonsaukande.

Nålebehandling

Dry needling. Behandling med  akupunkturnåler i triggerpunkt og beinhinnepunkt.

Akupunktur 2000. Eit mikrosystem.

Triggerpunktbehandling

Nyttast for å redusere smerter og spenningar i musklar.

Muskeltøying 

Nyttast for å senke spenningar,  auke leddutslag og fleksibillitet.

Massasje 

Nyttes for å auke blodsirkulasjon og senke spenningar.

Elektroterapi 

Ultralyd, Skanlab, TNS, og straum nyttast. Som regel i kombinasjon med manuell behandling.

Trykkbølge 

Akustisk bølge som tilfører høg energi til smerteutløpet.

Rehabilitering og trening 

Ulike heimeøvingar og treningsprogram som er tilpassa kvar enkelt, kan bli utdelt til pasienten.

Ergonomi 

Råd og informasjon om arbeidstillingar og daglege vanar. Informasjon om førebyggande tiltak vert gjeve. Naprapaten kan også rettleie i høve ergonomisk gjennomgong av arbeidsplassar , finne årsaker til belastningsskadar og setje inn tiltak mot desse.

Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle