HIO (Hole in one)
Spesifikk korrigering i øvre nakke som vert gjort med ein hurtig impuls (Toggle Recoil). Dette skjer på første eller andre nakkevirvel.
PEC / Paulens OAA-metode
Særs effektiv teknikk som aktiverar kroppen sine eigne sjølvhelbredande krefter. Det inkluderar hurtige andedrag for å auke rørsla, og funksjonen i det aktuelle leddet. Høver for alle. Godt behandlingsalternativ for beinskjøre, pasienter med prolapsar, og pasientar med høg alder. Desse to teknikkane er tildels like og inneber ingen «knekk», men skil seg i framgongsmåte.
Manipulasjon
Nyttast for å normalisere rørsle og funksjon i ulike ledd.
Mobilisering
Dette er spesifikk og leddnær tøying. Vert brukt som alternativ til manipulasjon.
Artikulering
Nyttast for å auke rørsla i ledd. Primært ekstremitetsledd.
Lock-Foot
Lock-Foot syndrom er låsning i mellomfotsbeina. Kan og foreligge i/mot hælbeinet. Desse låsningane kan skape skeivstilling og ubalanse i heile kroppen. Noko av det som LF kan være årsak til, eller å være med på å forsterke, er redusert fråspark, smerter/stramheit i fotblad, ustabile anklar, leggkramper. Diffuse kneproblem, vondt i lyske, vondt på eit punkt i lendrygg. Dette kan komme og gå i periodar. Magevondt. Skulder, nakke, hovudproblem. Kjeve/bite problem. Beinlengdsskilnad, bekkenrotasjon.
Korrigering av LF er skadeforebyggande, balanseforbetrande og koordinasjonsaukande.
Nålebehandling
Dry needling. Behandling med akupunkturnåler i triggerpunkt og beinhinnepunkt.
Akupunktur 2000. Eit mikrosystem.
Triggerpunktbehandling
Nyttast for å redusere smerter og spenningar i musklar.
Muskeltøying
Nyttast for å senke spenningar, auke leddutslag og fleksibillitet.
Massasje
Nyttes for å auke blodsirkulasjon og senke spenningar.
Elektroterapi
Ultralyd, Skanlab, TNS, og straum nyttast. Som regel i kombinasjon med manuell behandling.
Trykkbølge
Akustisk bølge som tilfører høg energi til smerteutløpet.
Rehabilitering og trening
Ulike heimeøvingar og treningsprogram som er tilpassa kvar enkelt, kan bli utdelt til pasienten.
Ergonomi
Råd og informasjon om arbeidstillingar og daglege vanar. Informasjon om førebyggande tiltak vert gjeve. Naprapaten kan også rettleie i høve ergonomisk gjennomgong av arbeidsplassar , finne årsaker til belastningsskadar og setje inn tiltak mot desse.