Lenkjer og Artiklar 

Lenkjer 

Artiklar og andre behandlingstader

  • Lars Magnus Wester. Alla Fall Stockholm

  • Sandberg Chiropractic. Ambulerande Scandinavia.

  • Fredrikstad Naprapat og Hudpleieklinikk.

    Naprapat Cato Saxgaard

  • Pawel Bararwinski - Rehabilitering og massasje

    Telefon: 48632958  Epost: pawlusb@gmail.com

  • Maria Neira - Tilpassing av sko og solar

    Telefon: 91797030

Naprapat Paulen er no aktiv sponsor for skihoppar

Johannes Årdal

Johannes Årdal, født i 2004, er den einaste aktivt satsande skihopparen frå Sunnfjord. Sjølv er han frå Jølster, men har dei to siste åra heldt til på Lillehammer. Der har han Lysgårdsbakkane, som er OL-bakkane frå 1994, som treningsarena. Han går på Noregs toppidrettsgymnas og får tett oppfølging. Han utviklar seg stadig og har allereie gode resultat å vise til, både nasjonalt og internasjonalt. I 2021 var han var yngst av fem kandidatar som blei tekne ut til Junior VM i Lahti i Finland. Han blei også nummer 4 i Junior NM som førsteårs junior og nummer 20 i Senior NM same sesong. Under årets plastmeisterskap denne sommaren, blei han nummer 14 i stor bakke, på heimebane på Lillehammer. I haust debuterte han i FIS-CUP og enda som nummer 18 i eit sterkt startfelt. I dag er Johannes rangert som nummer 31 i Noreg (per 25.10.2021).

Ved jamne mellomrom er Johannes heime i Jølster og i det høve tek han seg turar til meg på klinikken i Førde og får behandling. «Det å ha Ole Petter med på laget er utruleg nyttig. Det er ein tryggleik for meg å kunne få oppfølging på om kroppen er som den skal, og han gjev meg trygge og gode behandlingar som ein viktig forutsetnad for at eg skal kunne halde meg skadefri», sa Johannes Årdal den 25.10.2021.

Førde Naprapatklinikk har vore stolt sponsor for alpinisten

Bertil Hamar

Bertil Hamar (f.1995) representerer Jølster Alpin og trenar ved Oppdal Alpin Elite. Hamar deltek på nasjonale og internasjonale renn i FIS-serien og har køyrt både jr-NM og senior-NM i alle disiplinar. Naprapat Paulen har hatt tett oppfølging av alpinisten frå tidleg alpinsatsing. Ved skade etter overbelastning eller fall er det Paulen som trår til med naudsynt behandling for å kome raskt mogeleg attende til skiløypene.

«Paulen har vore ei særdeles viktig støtte», uttalar maratonløpar

Terje Lyngstad

Mellom 2010 og 2020 sprang eg gjennomsnittleg ein til to timar dagleg. Det gjorde kroppen gradvis sterkare og resultata gjekk frå over fire timar på ein maraton til personleg bestetid i Stockholm Marathon i mai 2014 på 2.54,06. Ei så stor treningsmengde gav meg dei fleste skader ein løpar kan få, strekkskader, triggerpunkt, fotbladproblem m.fl. Gjennom alle åra med trening har naprapat Ole Petter Paulen vore ei særdeles viktig støtte – med gode råd og konkrete behandlingar. Det var til uvurderleg hjelp i treningsarbeidet, og påverka framgangen og resultata, mellom anna sigeren under Jølster Maraton i 2014 og då eg sprang i overkant av 205 km under NM i 24-timarsløp på Bislett i 2019, og vart noregsmeister i klassen M50-54 år. Eg er glad for å ha hatt Paulen med på laget i treningsarbeidet, noko som alltid gjorde meg trygg på at eg ville nå måla eg sette meg som løpar.