Naprapati
Naprapati
Naprapati tyder å korrigere årsak til lidingar. Naprapati har opphav i det tjekkiske ordet «napravit», som tyder «å korrigere», og det greske ordet «Patos» som tyder «lidande». Naprapati definerast som eit system for spesifikk undersøkjing, diagnostikk, manuell behandling og rehabilitering av smerte og feilfunksjon i rørsle- og støtteorgan. Den naprapatiske manuelle terapien har til hensikt å gjenskape funksjonen, og å minske smerte i det nevromuskuloskjeletale-systemet gjennom å påverke strukturar i og kring ryggraden samt andre ledd.
Yrket oppsto i 1907 ved at den amerikanske chiropractor Oakley Smith formulerte grunntesene for naprapatien. Sidan den gong har yrket utvikla seg mykje, og er i dag basert på moderne forskning.
Utdanninga er ei 4-årig heiltidsutdanning ved Naprapathögskolan i Stockholm. I tillegg til utdanninga har naprapaten eit turnusår i etterkant. Naprapaten har grunnleggande medisin med hovudvekt på manuell terapi i si utdanning.
Utdanninga vert støtta av Statens Lånekasse.
Norges Naprapatforbund vart skipa i 1993. Medlemsskap sikrar obligatorisk pasient- og ansvarsforsikring. For medlemsskap krevst det godkjent utdanning frå Naprapathögskolan i Stockholm.
Framgongsmåten ved konsultasjon
For å finne årsaka til problemet hos pasienten er det viktig å gå igjennom problemet, sjukdomshistoria og livssituasjon. Naprapaten vurderer yrke, mosjonsvanar, arbeidssituasjon m.m. Det vert og utført ei rekkje testar for å finne årsaka til røsleproblemet og smerta pasienten har. Naprapaten stadfestar kva strukturar som er påverka, og om det ligg føre nevrologiske eller sirkulatoriske forstyrringar. Testane avdekkjer også eventuelle alvorlegare sjukdomstilstandar, der pasienten vert oppmoda til å kontakte lege.
Ved behandling hos naprapat vert det i gjennomsnitt utført 3-5 besøk. Det kan og føreligge kontroller etter nokre månader. Ved akutte tilstandar trengs det færre behandligar enn det gjer ved kroniske problem. Dei fleste feilstillingar og muskulære smerter i hovud, kjeve, nakke, skuldrar, rygg, bekken, og ekstremitetar kan behandlast. Også nakkesleng, beinskjøre og personar med «vage» plager kan behandlast.
Historikk naprapati
Les meir her
Oakley Smith
1880 – 1967
Björn J:son Berg
1943 – 2021
Historikk chiropractic
Les meir her
Daniel David Palmer
1845 – 1913
Bartlett Joshua Palmer
1882 – 1961